page view image

Feel It - Busstransport - Fredag 20. februar

Buss til Feel It dinnershow på Larsnes.

Informasjon
event image

Også i år set vi i samarbeid med West Auto opp buss til alle Feel It showa frå Hareid/Ulsteinvik, Fosnavåg og Volda. Erfaring frå tidlegare sesongar er at mange kjem med buss til show, og då tenkte vi at det kanskje kunne gjerast enklare å bestille seg bussbillett. Bussane har fast rute, og prisen er 250 kr / person. Prisen inkluderer reise begge vegar, ein kan ikkje bestille berre ein veg. Vi tek eit lite atterhald om at det vert nok belegg på bussane.

NB1: Dette er ikkje billett til show, den kjøper du for seg sjølv her-> https://feel-it.no/billettar/

NB2: Om du vil reise frå Djupvik, Leikong, Gursken - Så vel bussen frå Hareid/Ulsteinvik - der finn du dei stoppestadane.