Julejazz på låven

Gjer deg klar for julejazz på låven!

page view image
Arrangementsdato

lørdag 20 des 2025 19:00

Slutter søndag 21 des 2025 01:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

Billett
event image

Arrangementsinformasjon

Eit knippe unge og talentfulle musikarar frå musikklinja ved Volda vgs har sett saman eit herleg repertoar med variert julemusikk - og svingande jazzmelodiar. Dette vert ein kveld der du kan "chille" på låven til Kråen gard. Her vert det mogleg å nyte god musikk, kjøpe seg ein bugnande speketallerken, Kråen sin nydelege pizza, snacks og ikkje minst god drikke. Arrangementet har 18 års aldersgrense.


I bandet finn du:

Edvard Brune Leikanger - Gitar
William Brune Leikanger - Piano
Ludvik Brune Leikanger - Bass
Anders Hammer Rekdal - Tromme
Andreas Vinsrygg Vadstein - Saksofon
Ylva Thorine Thon - Trompet
Natasha Dahle Egset - Vokal

Dørene opnar kl 19:00, og konserten byrjar ca kl 20:30. Konserten vert i tre delar utover kvelden, det vert også moglegheit å slynge igjen for ein god prat fram til dørene stenger kl 01:30. 

Restriksjoner

18 års aldersgrense. Kråen har skjenkeløyve, så medbrakt drikke er ikkje tillat.

Organizer
Gamlebanken Scene